Strevar du eller dine born med Lærevanskar, ta kontakt

Veldig kort sagt kan vi sei at ein har lærevanskar dersom ein ikkje klarar å fungera i forhold til dei krav som er til å lesa, skriva eller rekna - enten det er på skolen, i arbeidslivet eller på fritida for øvrig.

 

Det er svært mange som har lærevanskar - ca 30% i følge offentlige undersøkelsar. Mange av desse veit ikkje at dei faktisk har ein lærevanske som det faktisk er mulig å gjera noko med. Mange føler og at andre oppfattar dei som dumme, mindre begava eller lite flinke.

Graden av lærevanskar måles ofte av kor mykje ein kan innan rettskriving, lesehastighet, leseforståing, ordforråd og/eller matematikk - sett i forhold til Gjennomsnitt for aldersnivå (GFA). Har ein under 80% har ein ein lærevanske. Har ein mindre enn 60% har ein store lærevanskar.

Vi er eit Læringsakademi i nettverket til NetPed og arbeidar ut frå same visjon.
NetPed har ein visjon om at alle personar med lærevanskar enkelt skal kunna få avklart sine vanskar og uansett alder og bustad kunne få eit tilbod om tilrettelagt opplæring

 

Det er ikkje flaut å ha lese- og skrivevanskar, bare forbaska upraktisk!
Under kurs vil du finna tilbod i denne samanheng. Vi veit desse gjev gode resultat, det syner resultata til NetPed som har utvikla dei frå ca 1990 og fram til i dag.

Kursa og tilboda er innan, data, lesing, skriving og regning.
Vi har og tilbod for framandspråklege som ynskjer å styrka seg sjølv i norsk, dette med utgangspunkt i no situasjonen.
Saman med NetPed har vi også Lærehjelpen, eit tilbod for dei som treng støtte i kvardagen.

KompetansePartner Vest, Postboks 403, 5403 Stord | Mobil 905 78 461

webløsning av arego